Stiftelsen Gulbygningen leier ut kontorer, møterom og selskapslokaler. Ring tlf. 926 60 879 og snakk med Siri Haadem.
Styret
Styret i vennelaget har siste arbeidsåret bestått av Bjørn Karsrud (leiar), Tor Eyvind Myhre, Gunhild Røyne, Ole Arvid Nipseth, Marit Hovrud og Magne Hovda. Varamedlem: Tora Bergheim Hippe.
Økonomi
Styremedlemmene i Vennelaget har konsentrert innsatsen om å vera medhjelparar og rådgjevarar for styret i stiftinga i arbeidet med å få restaurert Gulbygningen. I tillegg har styret drive pengeinnsamling i form av å samle inn pengegåver og medlemskontingent og arrangere basar. Ein del av dugnadsarbeidet har også vore kanalisert gjennom vennelaget.
Vennelaget hadde 77 medlemmer i 2007, 62 i 2008, 74 medlemmer i 2009, 58 medlemmer i 2010, 51 medlemmer i 2011 og 46 medlemmer i 2012.
I 2007 overførte vennelaget 6.000 kroner, i 2008 i alt 20.000 kroner, i 2009 i alt 25.000 kroner, i 2010 til saman 38.000 kroner, i 2011 i alt 43.000 kroner i tilskot til restaureringsarbeid på Gulbygningen. I 2012 vart det ikkje overført pengar til Stiftelsen Gulbygningen. Samla tilskot på seks år er 132.000 kroner. Det er eit gjennomsnitt på 22.000 kroner i året.Vennelaget hadde i 2012 samla inntekter på 9.469 kroner, mot 39.221 kroner i 2011. Rekneskapen for 2012 viste ei overskot på kr 8.417,50..
Arrangement
Vennelaget arrangerte basar hausten 2012/januar 2013. Det var basar med kombinert trekning og juletrefest 13. januar 2012. Mesteparten av basarinntektene er derfor førte på rekneskapsåret 2012. Ingrid Hermundstad Grobakken og Andrea Brusveen song og spelte gitar. Bjørn Karsrud kåserte om Leiras historie. På basaren kom det inn rundt 25.000 kroner. Elles var der servering av kakao og kaker og gang rundt juletreet.
Rapport frå Stiftinga Gulbygningen på Måno
Stiftinga Gulbygningen vart godkjend registrert i Brønnøysund 6.2.2008 med Leira grendelag, Valdres kunstterapiforening, Leira idrettslag, Nord-Aurdal husflidslag og Vernevøla som stiftarar, men styret har vore i verksemd sidan 2006/2007. Styret består av: Eirun Sommerstad, leiar (Valdres kunstterapiforening), Bjørn Karsrud, (Leira IL), Siri Haadem (Nord-Aurdal husflidslag), Hallstein Ranum (Vernevøla), Arvid Bredesen, kasserar (Leira grendelag).
Prosjekt
Det er ikkje gjennomført spesielle rehabiliteringsprosjekt i 2012.
Prioriterte prosjekt
Fullføring av målingsarbeid utvendig. Restaurering toalett i underetasjen. Opprusting av seminarrom. Innkjøp av bord og service til bursdagslag, konfirmasjonar, bryllaup mm.
Prosjekt på lengre sikt
Innlegging av vassboren varme til Gulbygningen og Gråbygningen frå biobrenselsanlegg på Valdres vid skule. Drenering/ordning av avløpssystem på øversida av bygningen. Rehabilitering av kjellar.
Leigetakarar i 2012/2013
Valdres Swingklubb, Valdres Teater, Ung i Valdres, Nord-Aurdal husflidslag, Valdres vidaregåande skule, Valdres Modellflyklubb, Fagernes Barneteater, Nord-Aurdal Mållag, Aurdal Musikkorps, Valdres veteranvogners venner (frå 1. oktober 2013) og ymse andre lag og privatpersonar.
Økonomi
Ved overtakinga frå Oppland fylkeskommune fekk Gulbygningen med ein kapital på kr 500.000. Etter overtakinga av bygningen er det investert anslagsvis 900.000 i reine kroner i oppgradering av bygningen. Medrekna dugnadsinnsats er summen godt over ein million kroner. Dei største utgiftene er straum, avgifter, oppussingskostnader og forsikring. Etter at Aurdal Musikkorps og veteranbilklubben kom inn som nye leigetakarar, ser den økonomiske situasjonen lysare ut.
Vennelaget for Gulbygningen har på fire år – fram til 31.12.2012 – ytt tilskot på til saman 132.000 kroner til stiftelsen. 29. mai 2013 vart det ytt eit nytt tilskot på kr. 5.000, slik at samla tilskotssum ved utgangen av mai 2013 er på kr 137.000. Ved utgangen av oktober 2013 har Vennelaget ca. kr 27.000 på konto. Stiftelsen har hittil vore avhengig av årlege tilskot frå vennelaget for å få det til å gå rundt.31.12.13
Vennelaget arrangerte juletrefest i festsalen i Gulbygningen torsdag 13. januar 2012 med rundt 40 frammøtte. Ola Terje Hådem las frå bøkene sine. Det var song og gang rundt juletreet, og servering av kaffe og kringle. Åresalg gav et fint lite overskudd til Gulbygningen.