Hjem
Stiftinga Gulbygningen
Vennelaget
Styre
Historikk
Arrangement
Kontakt
Leira grendelag
Leira idrettslag
Nord-Aurdal husflidslag
Valdres kunstterapiforening
Vernevøla
 

Leira idrettslag

Leira idrettslag vart stifta i 1920. Den viktigaste aktiviteten var i mellomkrigstida sentrert rundt hoppbakkane i Brøto. I 1952-53 vart idrettsplassen på Leira opna etter fleire års dugnadsarbeid. Grasbanen kom i 1969. Grasbanen vart renovert i 2002. Då fekk også banen fotballvegg, kiosk og etter kvart også materiellbu.

Laget driv med handball, ski og mosjonsidrett og legg på Leira stadion til rette for fotballen i Aurdal/Leira Fotballklubb. Laget driv også allidrettsopplegget ”Gøy i gymsal” for dei minste ungane.
Frå og med 2008 er det stifta ein eigen idrettspris som er todelt. Eine prisen skal gå til ein leiar eller administrator mens den andre skal gå til ein ung, lovande utøvar.

Laget er også sterkt involvert i prosjektet med bygging av storhall på Leira stadion. 

På siste årsmøte i laget vart Hilde Fjeld Gladhaug vald til leiar.

Styret består av Hilde Fjeld Gladhaug (leiar), Gjermund Dokken (nestleiar), Anne Grete H. Rønsgård, Per Håkon Lund, Roar Garli, Stein Lium og Tor Rune Berg.

 

.

 
Valdres Basketballag
Ung i Valdres
Nord-Aurdal kommune

 

________________________

Vennelaget
77 medlemmer pr. 31.12.07

Medlemskap klikk her


Behov for lokale?
Klikk her

Leiraboka
Kjøp praktboka
Leira i Valdres”

Klikk her

 
Webside laget av Taulant . ~TulaDesigns