Skaff deg Leiraboka
Du kan bestille boka ”Leira i Valdres” ved å skrive e-post til bjorn.karsrud@gmail.com eller ved å kjøpe boka i bokhandelen. Boka har rundt 200 illustrasjonar. Pris: kr 100. Eventuelt kan du kontakte ein av styremedlemmene i Leira grendelag.
Leira er fyrste gong nemnd i sorenskrivar Niels Wisløff si reiseskildring frå 1743. Boka viser fram ei nærare 200 år lang Leira-historie med korte glimt inn i det historiske halvmørket før 1743. Med over 200 illustrasjonar dokumenterer boka visuelt historia til denne tettstaden midt i Valdres som vart tufta på haugiansk ånd og amerikansk kapital. Boka tek for seg dei historiske milepælane i utvikling av industri, mellom anna iskremfabrikken Jotun-Is, og butikkdrift. Boka omhandlar også skulesenteret Leira og foreiningslivet på staden. |