Stiftinga Gulbygningen på Måno
Formålet med stiftinga ”Gulbygningen på Måno” er å drifte det gamle undervisningsbygget blant anna ved utleige, i tillegg til å drive ungdomsopplysning, undervisning og kulturaktivitetar i bygget.
Gulbygningen på Måno vart stifta våren 2007. Bygget vart då overdrege til stiftinga frå Oppland fylkeskommune. Stiftinga blir styrt av eit styre på fem personar som blir valt på årsmøte i februar-mars. Styret er satt saman av representantar frå Leira idrettslag, Leira grendelag, Nord-Aurdal husflidslag, Vernevøla og Valdres kunsterapiforening. Eirun Sommerstad er styreleiar i stiftinga. |