Hjem
Stiftinga Gulbygningen
Vennelaget
Styre
Historikk
Arrangement
Kontakt
Leira grendelag
Leira idrettslag
Nord-Aurdal husflidslag
Valdres kunstterapiforening
Vernevøla
 

Nyheter

 

Juletrefest

Juletrefesten for 2014 blir arrangert i festsalen i Gulbygningen på Måno måndag 13. januar kl. 19.00. Sjå under arrangement. 8.1.14

154.000 til Gulbygningen

Vennelaget for Gulbygningen på Måno hadde ved utgangen av 2013 samla inn 154.000 til Stiftinga Gulbygningen. Pengane er samla inn ved hjelp av basarar, åresal, gåver og innbetalt kontingent. Pengane har gått til rehabilitering av bygningen. 8.1.14

Lokaler til leie

Stiftelsen Gulbygningen leier ut kontorer, møterom og selskapslokaler. Ring tlf. 926 60 879 og snakk med Siri Haadem.

 

Årsmelding for Vennelaget 2012-2013

Styret

Styret i vennelaget har siste arbeidsåret bestått av Bjørn Karsrud (leiar), Tor Eyvind Myhre, Gunhild Røyne, Ole Arvid Nipseth, Marit Hovrud og Magne Hovda. Varamedlem: Tora Bergheim Hippe.

 

Økonomi

Styremedlemmene i Vennelaget har konsentrert innsatsen om å vera medhjelparar og rådgjevarar for styret i stiftinga i arbeidet med å få restaurert Gulbygningen. I tillegg har styret drive pengeinnsamling i form av å samle inn pengegåver og medlemskontingent og arrangere basar. Ein del av dugnadsarbeidet har også vore kanalisert gjennom vennelaget.

Vennelaget hadde 77 medlemmer i 2007, 62 i 2008, 74 medlemmer i 2009, 58 medlemmer i 2010, 51 medlemmer i 2011 og 46 medlemmer i 2012.

 

 I 2007 overførte vennelaget 6.000 kroner, i 2008 i alt 20.000 kroner, i 2009 i alt 25.000 kroner, i 2010 til saman 38.000 kroner, i 2011 i alt 43.000 kroner i tilskot til restaureringsarbeid på  Gulbygningen. I 2012 vart det ikkje overført pengar til Stiftelsen Gulbygningen. Samla tilskot på seks år er 132.000 kroner. Det er eit gjennomsnitt på 22.000 kroner i året.Vennelaget hadde i 2012 samla inntekter på 9.469 kroner, mot 39.221 kroner i 2011. Rekneskapen for 2012 viste ei overskot på kr 8.417,50..

 

Arrangement

Vennelaget arrangerte basar hausten 2012/januar 2013. Det var basar med kombinert trekning og juletrefest 13. januar 2012. Mesteparten av basarinntektene er derfor førte på rekneskapsåret 2012. Ingrid Hermundstad Grobakken og Andrea Brusveen song og spelte gitar.  Bjørn Karsrud kåserte om Leiras historie. På basaren kom det inn rundt 25.000  kroner. Elles var der servering av kakao og kaker og gang rundt juletreet.

 

Rapport frå  Stiftinga Gulbygningen på Måno

Stiftinga Gulbygningen vart godkjend registrert i Brønnøysund 6.2.2008 med Leira grendelag, Valdres kunstterapiforening, Leira idrettslag, Nord-Aurdal husflidslag og Vernevøla som stiftarar, men styret har vore i verksemd sidan 2006/2007. Styret består av: Eirun Sommerstad, leiar (Valdres kunstterapiforening), Bjørn Karsrud, (Leira IL), Siri Haadem (Nord-Aurdal husflidslag), Hallstein Ranum (Vernevøla), Arvid Bredesen, kasserar (Leira grendelag).  

 

Prosjekt

Det er ikkje gjennomført spesielle rehabiliteringsprosjekt i 2012.

 

Prioriterte prosjekt

Fullføring av målingsarbeid utvendig. Restaurering toalett i underetasjen. Opprusting av seminarrom. Innkjøp av bord og service til bursdagslag, konfirmasjonar, bryllaup mm.

 

 

Prosjekt på  lengre sikt

Innlegging av vassboren varme til Gulbygningen og Gråbygningen frå biobrenselsanlegg på Valdres vid skule. Drenering/ordning av avløpssystem på øversida av bygningen. Rehabilitering av kjellar. 

 

Leigetakarar i 2012/2013

Valdres Swingklubb, Valdres Teater, Ung i Valdres, Nord-Aurdal husflidslag, Valdres vidaregåande skule, Valdres Modellflyklubb, Fagernes Barneteater, Nord-Aurdal Mållag, Aurdal Musikkorps, Valdres veteranvogners venner (frå 1. oktober 2013) og ymse andre lag og privatpersonar. 

 

Økonomi

Ved overtakinga frå Oppland fylkeskommune fekk Gulbygningen med ein kapital på kr 500.000. Etter overtakinga av bygningen er det investert anslagsvis 900.000 i reine kroner i oppgradering av bygningen. Medrekna dugnadsinnsats er summen godt over ein million kroner. Dei største utgiftene er straum, avgifter, oppussingskostnader og forsikring. Etter at Aurdal Musikkorps og veteranbilklubben kom inn som nye leigetakarar, ser den økonomiske situasjonen lysare ut.

 

Vennelaget for Gulbygningen har på fire år – fram til 31.12.2012 – ytt tilskot på til saman 132.000  kroner til stiftelsen. 29. mai 2013 vart det ytt eit nytt tilskot på kr. 5.000, slik at samla tilskotssum ved utgangen av mai 2013 er på kr 137.000. Ved utgangen av oktober 2013 har Vennelaget ca. kr 27.000 på konto. Stiftelsen har hittil vore avhengig av årlege tilskot frå vennelaget for å få det til å gå rundt.31.12.13

 

Hyggeleg juletrefest

Vennelaget arrangerte  juletrefest i festsalen i Gulbygningen torsdag 13. januar 2012 med rundt 40 frammøtte. Ola Terje Hådem las frå bøkene sine. Det var song og gang rundt juletreet, og servering av kaffe og kringle. Åresalg gav et fint lite overskudd til Gulbygningen.

Vellykka basar i Gulbygningen

Vennelaget for Gulbygningen på Måno arrangerte basar med kulturinnslag
i festsalen i Gulbygningen 13. oktober 2010.Tor Eyvind Myhre vandra på
underhaldande vis att og fram i den over 80 år gamle skulehistoria på
Måno. Myhre, som har meir enn 40 års fartstid som lærar, inspektør og
rektor på Måno, trekte opp dei lange historiske linjene og krydra
kåseriet sitt med anekdotar frå skulekvardagen.
Lars Endre Strand – kjend frå Strandingarna og Bør Børson ¬ – stod for
det musikalske innslaget. Han trødde blant anna til med dei store
slagerane til gruppa, ”Alle stengte vega” og ”Fest i Røn”.  Lars
Endre, som kom rett frå Ung i Valdres-audition, kunne røpe at nye,
store talent er på gang i samband med Ung i Valdres sine nye musikal
til våren. Strandingarna blir elles å høyre under årets
rakfiskfestival.
Før basartrekninga delte Alf Månum ut årets idrettspris til det
lovande hopptalentet Eirik Leander Fystro. Gulbygningsbasaren, med 44
gevinstar i alt, gav elles ei rekordinntekt på 34.500 kroner. Pengane
vil bli gitt til Stiftinga Gulbygningen som tilskot til oppussing av
huset. Rundt 40, blant dei fleire gamle landbruksskuleelevar, hadde
funne vegen til årets arrangement. Vennelaget takkar alle som har gått med basarbøker og dei som har kjøpt lodd.

 

 

 
Valdres Basketballag
Ung i Valdres
Nord-Aurdal kommune

 

________________________

Vennelaget
77 medlemmer pr. 31.12.07

Medlemskap klikk her


Behov for lokale?
Klikk her

Leiraboka
Kjøp praktboka
Leira i Valdres”

Klikk her

 
Webside laget av Taulant . ~TulaDesigns